Ta i bruk ParkNordic-appen

For å få rabatt som student eller tilsett må du ha ein gyldig feide-konto ved UiT. Når du har dette, må du lasta ned parkeringsappen ParkNordic og følgja trinna under første gong du bruker appen.

  1. Last ned ParkNordic i App Store eller Google Play.
  2. Registrer deg som bruker.
  3. Gå inn på «Parkeringsavtale» i app.
  4. Vel “UiT Norges arktiske universitet ansatt/student”.*
  5. Legg inn brukernavnet ditt i formen 'aaaa0000' i feltet for FEIDE.
  6. Les og godta brukarvilkåra.
  7. Registrer køyretøyet som du ønskjer å knyta til parkeringsavtalen. Dersom du ønskjer å byta bil, må dette gjerast i profilen din.
  8. Du kan no starta og stoppa parkeringa di. 

* Det er berre brukeramn og ikkje e-post som skal leggjast inn.

NB: Når du lastar ned Park Nordic applikasjonen, finst det fleire alternativ. Den rette applikasjonen har eit kvitt ikon med ein blå P i midten.