Start av parkering

Du kan starta parkeringa på to måtar i appen. Du kan velje å betale for ein førehandsbestemt periode, til dømes sju timar. Eller du kan velje «start parkering» når du kjem og «avslutt parkering» når du dreg. Dersom du vel den siste metoden og gløymer å avslutte, vil du belastast for parkering fram til klokka 24.00. Men sidan avgiftsperioden vert avslutta klokka 17.00 vil du belastast 0 kroner per time mellom 17.00 og 24.00.

For dei som ikkje ønskjer å betala via appen kan denne nettsida brukast (gjeld ikkje fordelsparkering). Vel "Tromsø", trykk på relevant område eller takstsone, registrer tid og reg. nummer.

Får du ikkje kontakt i appen når du prøver å starta ei parkering kjem dette oftast av at du er i eit område mellom wifi og mobildata.. Lukk appen heilt og vent til du kjem inn og får full wifidekning, eller skru av wifi og prøv på nytt.