Planlegging av arrangement

Når du låner eit lokale har du som arrangør ansvar for å planleggja arrangementet også med omsyn til tryggleik, vakthald, brannvern, vern av kunst og reinhald. 

Er det kunst i lokalet du låner? Då er du som arrangør også ansvarleg for å vareta eventuelle vernesoner for kunsten i lokalet.  Meir om vernesoner og kunst finn du på nettsidene våre om kunst. 

Korleis planleggja eit vellykka arrangement? Meir informasjon om dette finn du her: Kommunikasjontips: Arrangementer | UiT 

 

Kven skal eg kontakta ved UiT? Kunst og vernesone Brannvern Teknisk støtte

Kven skal eg kontakta ved UiT?

I forkant av eit arrangement er det fleire som skal kontaktast. Dette er avhengig av type arrangement, ønskte lokale og storleiken på arrangementet.

Ved planlegging av arrangement må du kontakta Avdeling for bygg- og eigedom (BEA) og gi beskjed om kva lokale du ønskjer å låna. Som tilsett eller student ved UiT kan du gjera dette via TopDesk.   

Dette må gjerast uavhengig av om du har reservert eit lokale via timeplanleggjaren (TP) eller ikkje.  

Er du ekstern? Send ein førespurnad til: bea@hjelp.uit.no. 

MERK: Berre eksterne skal bruka denne e-postadressa. Ansatte ved UiT bes bruke TopDesk. 

Kunst og vernesone

Det finst kunst i fleire av lokale og uterom som tilhøyrer UiT.  Når du planlegg eit arrangement, må du ta omsyn til vernesona rundt kunsten. 

Du finn meir informasjon om kunst og vernesone her: uit.no/ansatte/byggeiendomrom/kunst 

For Solhallen, Teorifagbygget hus 1, er det etablert ei eiga vernesone. Informasjon om denne vernesona finn du her: uit.no/ansatte/byggeiendomrom/kunst 

Har du spørsmål rundt vernesone for kunst ved UiT? Ta kontakt med kunstutvalet via serviceportalen vår: Spørsmål rundt kunst .   

Brannvern

Som ansvarleg for eit større arrangement som f.eks i Solhallen har du ansvaret or branntryggleiken. Informasjon om organisering og evakuering ved brann finn du her:
Organisering av evakuering | UiT  

Teknisk støtte

Har du behov for teknisk støtte til arrangement eller konferanse? Ta kontakt med IT-avdelinga via TopDesk.  

Spørsmål relatert til ventilasjon, belysning ol. rettes til Avdeling for bygg og eigendom via TopDesk.