I forkant av eit arrangement er det fleire som skal kontaktast. Dette er avhengig av type arrangement, ønskte lokale og storleiken på arrangementet.
Ved planlegging av arrangement må du kontakta Avdeling for bygg- og eigedom (BEA) og gi beskjed om kva lokale du ønskjer å låna. Som tilsett eller student ved UiT kan du gjera dette via TopDesk.
Dette må gjerast uavhengig av om du har reservert eit lokale via timeplanleggjaren (TP) eller ikkje.
Er du ekstern? Send ein førespurnad til: bea@hjelp.uit.no.
MERK: Berre eksterne skal bruka denne e-postadressa. Ansatte ved UiT bes bruke TopDesk.