Kreftdiagnose fører til kosthaldsendringar

Pressemelding om ny doktorgrad ved Universitetet i Tromsø.
Solbakk, Mona
Publisert: 15.09.09 11:15 Oppdatert: 15.09.09 11:17

 

Resultat frå Kvinner og kreft-studien ved Universitetet i Tromsø tyder på at kvinner som får kreft endrar kosten noko meir i gunstig retning enn kreftfrie kvinner.

  

Guri Skeie forsvara 11. september 2009 avhandlinga "Diet, dietary supplements and dietary change among cancer survivors and cancer-free women - The Norwegian Women and Cancer study and the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition" til graden ph.d. ved Universitetet i Tromsø (UiT).

Avhandlinga tar for seg kosthald, bruk av kosttilskot og endringar i kosthaldet blant kvinner frå Kvinner og kreft-studien som fekk kreft i bryst eller tjukktarm/endetarm. Ho inneheld også ei samanlikning av bruken av kosttilskot i ti europeiske land, og ein studie om effekten av bruk av tran og andre kosttilskot på overlevinga blant kreftpasientar.

Meir frukt og grønt
Kosthaldsendringane blant kvinner med bryst- og tarmkreft går i same retning som endringane blant kreftfrie kvinner, men er litt større. Det var først og fremst for frukt, grønsaker, mjølk og kaffi det var skilnad i endringane.

- Dei som fekk brystkreft auka inntaket av frukt og grønt meir enn kreftfrie kvinner, og dei som fekk tarmkreft kutta ikkje ned på mjølkeforbruket slik friske kvinner gjorde. Kvinner som fekk brystkreft reduserte kaffiforbruket meir enn kreftfrie kvinner. Endringane var stort sett positive for helsa, men kaffi påverkar ikkje risikoen for brystkreft eller tilbakefall, seier Skeie.

Betre overleving med tran
- Bruken av kosttilskot synte ein sterk nord-sør gradient i Europa, med nesten ti gonger så mange brukarar blant danske kvinner som blant greske kvinner. 61 prosent av norske kvinner brukte kosttilskot, nesten like mange som i Danmark, fortel Skeie.

- Lungekreftpasientar som tok tran eller andre kosttilskot dagleg før dei fekk diagnosen hadde betre overleving enn dei som ikkje gjorde det, men meir forsking trengst for å finna ut om dette var ein effekt av tran/kosttilskot, eller ein effekt av andre faktorar som ein ikkje fekk teke omsyn til i analysane, seier ho.  

Guri Skeie er ernæringsfysiolog og arbeider med Kvinner og kreft-studien ved Institutt for samfunnsmedisin, UiT.

Kontaktperson: Guri Skeie. Institutt for samfunnsmedisin, UiT. Tlf. 77 64 65 94.

Prosjektets hjemmeside: https://uit.no/21/6669/

Solbakk, Mona
Publisert: 15.09.09 11:15 Oppdatert: 15.09.09 11:17