Verdsnyheit blir lansert på UiT
![]() |
PRESSEMELDING
TROLLing står for The Tromsø Repository of Language and Linguistics og er eit arkiv skreddarsydd for lingvistiske data og statistisk kode.
- TROLLing set Tromsø på kartet og viser at UiT er leiande når det gjeld kvantitativ metode i lingvistikk, seier professor i russisk ved UiT, Laura A. Janda.
Opninga går føre seg
Tid: Onsdag 18. juni kl 14.00-15.00
Stad: Akademisk kvarter, UiT
Enkel servering.
TROLLing-arkivet skal inkludere metadata som identifiserer forskarar, språk og fenomen som er relevante, statistiske metodar og publikasjonar. Desse metadata er søkbare, og språkforskarar over heile verda kan bruke TROLLing for å fremje bruken av kvantitative metoder i lingvistikk.
I tillegg til den basen som allereie er bygd opp, er andre forskarar velkomne til sjølv å lagre databasar og statistiske modellar som dei har brukt i si språkforsking - til glede og bruk for andre.
Universitetsbiblioteket ved UiT har ansvar for tekniske og rettslege aspekt ved TROLLing, medan TROLLings styre kvalitetskontrollerer innhaldet. TROLLing er utvikla i samarbeid med det europeiske nettverket CLARIN (Common Language Resources and Technology Infrastructure).
Under lanseringa blir det ein presentasjon og demonstrasjon av arkivet.
Kontaktpersonar:
- Laura A. Janda - 776 45680, lauira.janda@uit.no
- Tore Nesset - 776 45633, tore.nesset@uit.no



